8.8.13

JAVEL. SA SAUEN.
JAVEL. SA EG.

ER DU KLAR? SPURDE SAUEN.
JEPPS. SVARA EG.

SAUEN SÅG PÅ MEG.
EG SÅG PÅ SAUEN.

DEN FØRSTE SOM BLUNKA HADDE TAPT.

7.8.13

EG STÅR ØVERST I BAKKEN.
HAR VENTA TIL ALLE DEI ANDRE ER NEDE.
DET ER PLANEN.
VENTE.
EG MÅ NEMELEG FISE.
SÅ NO KAN EG FISE MEDAN EG SPRING
HEILT ÅLEINE NEDOVER BAKKEN.

EIN LITEN PRUTT FOR KVART STEG.
PRUTT, PRUTT, PRUTT, PRUTT, PRRRRUUUUTtttt...

SÅ ER DET TOMT.
TOMT FOR FIS,
OG TOMT FOR NEDOVERBAKKE.

18.2.13

EG LIKAR IKKJE Å GÅ BARBEINT.
I ALLE FALL IKKJE PÅ GRUS.

EG FÅR EIT SÅ UFORUTSIGBART GANGALAG.

14.2.13

EG GLEDAR MEG TIL EG VERT GAMAL.

DÅ SKAL EG SEI DET SOM DET ER.

TIL DESS SKAL EG BERRE SMILE OG NIKKE,
OG RISTE LITT PÅ HOVUDET OM DET TEK SEG BETRE UT.

12.2.13

-DU? SEIER DU.
-JA? SEIER EG.

-DEN KJOLEN DER? SEIER DU.
-JA? SEIER EG.

-DU TYTER. SIER DU.
-TYTER EG? SPØR EG.

-JA DU TYTER. SEIER DU.
-ER DET IKKJE GREIT Å TYTE DÅ? SPØR EG.

-JO, VANLEGVIS. SEIER DU.
-MEN DU TYT PÅ HEILT FEIL PLASSAR,
DU TYT DER INGEN HAR TØTE FØR.

11.2.13

AV OG TIL ER DET GREIT Å VERA ALDELES DRITELENDIG I NOKO.
DÅ HAR EG EIT ENORMT FORBETRINGS POTENSIALET,

SOM EG SLETTES IKKJE TRENG Å GJERA NOKO MED.

9.2.13

I GÅR FANN EG EI PAPPESKE.
EG SAT MEG OPPI.
DEN PASSA,
NESTEN.

EG SAT,
OG VENTA.

EG VENTA,
OG SAT.

INGEN KOM.

EG SOM BERRE VILLE SRETTE OPP OG SMILE TIL NOKON.

3.2.13

PROBLEMET MED DEI USKRIVNE REGLANE,
ER AT DEI ER SÅ VANSKELEGE Å FINNA.

21.1.13

- SJÅ! ROPAR EG. - EIT AUGEBRYN HÅR PÅ TRE CENTIMETER!
- ER DET DITT? SPØR DU.
- JA! ROPAR EG. FRAMLEIS RELATIVT OPPHAUSA.
TRE CENTIMETER!
HAR DU SETT PÅ MAKEN ELLER?
EG VIFTAR MEG HÅRET FORRAN ANSIKTET DITT.
- KVIFOR HADDE DU EIT TRE CENTIMETER LANGT AUGEBRYN? SPØR DU.
- ANAR VEL IKKJE EG. SEIER EG, LITT SKUFFA OVER DEN LUNKNE MOTTAGINGA.
KROPPEN VILLE VEL PRODUSERE EIT LANGT HÅRSTRÅ DÅ.
NO KJENNER EG AT EG BYRJAR Å VERTE LITT IRRITERT.
DU ER SIKKERT MISUNELEG UANSETT.
- EG SKAL I ALLE TILFELLE HEIM, RAMME DET INN OG INVITERE ANDRE MENNESKER INN FOR Å SJÅ PÅ DET. SEIER EG.
- KANSKJE DET TIL OG MED ER VERDSREKORD. MUMLAR EG MEDAN EG SNUR MEG.

- DÅ EG KJEM HEIM, SER EG AT EG HAR MISTA HÅRET.
EG SET MEG PÅ TRAPPA OG VENTAR PÅ AT KROPPEN SKAL PRODUSERA EIT NYTT.

9.1.13

ER DET EIN TING EG HAR LÆRT AV BESTEFAR MIN
SÅ ER DET AT OM DU FØRST DETT NED FRÅ EIT PLOMMETRE.
KAN EIN LIKSÅ GODT PLUKKA EI PLOMME SOM LIGG PÅ BAKKEN,
OG LATA SOM OM DET VAR MED
MEININGA AT EIN DATT.

7.1.13

OM DU IKKJE SEIER NOKO,
GJER IKKJE EG DET HELLER.

SEI NOKO.

4.1.13

-HAR DU SÅ SMÅ ØYRER? SPØR DU.
-JA. SVARAR EG.
-DEI ER EKSTREMT SMÅ. SEIER DU.
-JA. SEIER EG.
-DU VEIT DET? AT DEI ER UNORMALT SMÅ?
-JA, DEI SEIER SÅ. SVARAR EG.

-KVEN? KVEN ER DET SOM SEIER DET?
-NEI. DU BLANT ANNA. SVARAR EG.

-Å. SEIER DU. HAR DU TENKT Å GJERA NOKO MED DET?
-NEI, EG HAR VEL IKKJE DET. SEIER EG. ER VEL IKKJE SÅ MYKJE Å
GJERA MED DEN SAKEN.
-NEI DET ER VEL IKKJE DET. SVARAR DU.

SÅ GÅR ME VIDARE.
EG MED MINE SMÅ ØYRER OG DU OM EG MÅ FÅ SEIA DET,
DINE EKSTREMT STORE NASEBOR.

3.1.13

SJØLV SYNEST EG AT EG GÅR
RELATIVT ALMINELEG.

LIKEVEL,
HOPPAR DET SMÅSTEINAR OPP
I STØVLANE MINE.

2.1.13

I DAG FANN EG UT:
OM EG KLER MEG NAKEN,
OG STILLER MEG MED ANDLETET INNTIL DENNE VEGGEN,
KAN INGEN SJÅ MEG.

KVA SKAL EG BRUK DET TIL TENKJER DU?

INGENTING, ABSOLUT INGENTING.

MEN EG KAN, OM EG HAR LYST.

1.1.13

EG HADDE LIKT OM FUGLANE
BRØLA LITT MEIR.

SPISSA ALBUANE OG TEKE EIT SKIKKELEG VRÆL.

DET TENKJER EG HADDE GJORT SEG.

MULIGENS.