27.12.12

DEN EINE GONGEN EG RYGGA AV FRI VILJE,
VAR DET SMARTAST Å BERRE KØYRE RETT FRAMOVER.

SJØLVSAGT.

SLIK AT EG MÅTTE RYGGE ENDÅ MEIR.

NO RYGGAR EG ALDRI AV FRI VILJE IGJEN.

23.12.12

EG ER REDD FOR ATT DU DETT.
DETT NED FRÅ STEINEN, MED HOVUDET FØRST.

OG AT EG IKKJE ER DER FOR Å TA IMOT.

22.12.12

DÅ NASEBORA MINE
FRAUS FAST I EIN
UGJENNKJENNELEG STILLIG,

TOK EG MEG RETT OG SLETT IKKJE UT.

14.12.12

DET ER MYKJE GOD MAT I SKITTEN SNØ.

...OG I EIN STOR BUSEMANN.

JA.
OG I EIN STOR BUSEMANN.

13.12.12

EG ER REDD.
REDD FOR Å IKKJE KLARA.
IKKJE VERA GOD NOK.

IGJEN.

SKAL EG DÅ LA VERA Å PRØVA?

11.12.12

-SÅ DU SIT HER Å STURER?
-JA.
-KAN EG STURE MED DEG?
-NEI.
-MEN ME KAN STURE ATTMED KVARANDRE?
-GREIT. DÅ STURER DU TIL HØGRE OG EG STURER TIL VENSTRE.

-JA SLIK MÅ DET VEL VERA.
-JA SLIK MÅ DET VERA.

30.11.12

- HEI, SEIER DU.
- HEI, SEIER EG.

- HAR DU SETT HATTEN MIN? SPØR DU.
- JA. DEN ER PÅ HOVUDET DITT, SEIER EG OG PEIKAR.

-GODT, DÅ ER DEN DER EG SAT DEN SIST,
SEIER DU OG GÅR VIDARE.

EG SER ETTER DEG OG KJENNER AT EG YNSKJER MEG EIN HATT.

29.11.12

I GÅR GJEKK EG MED BEGGE AUGO ATT HEILE DAGEN.
I DAG HAR EG MANGEN BLÅMERKER OG SKRUBBSÅR,

UTAN AT DET ER TIL SÅ MYKJE HJELP.

16.11.12

DÅ EG VAR LITA,
LÆRTE DEN EINE BROR MIN MEG Å KNYTTA SKOLISSER.
DER OG DÅ SKJØNA EG IKKJE HEILT KVA EG SKULLE BRUKA DETTE TIL.
SIDAN EG KUN HADDE SKO MED BORRELÅS.
NO I ETTERTID SER AT AT DET VAR GANSKE SÅ MATNYTTIG.

TAKK.

14.11.12

FOR TIDA ER EG SOLBRENT.
INNI ØYREGANGEN.

HEILT FRIVILLEG.

10.11.12

EG BALLAR MEG INN I DYNA.
LATAR SOM EG ER EI ÅME.
EI ÅME KLAR TIL FORANDRING.

EG HÅPAR EG VAKNAR I MORGON
SOM EIN SOMMARFUGL.

9.11.12

- ME BURDE GJERE NOKO FINT FOR NOKON. SEIER EG.
- Å. SEIER DU.
- JA. NOKO FINT.
- KVA ER DET DÅ? SPØR DU.

- NEI MEN DET VEIT VEL IKKJE EG! SEIER EG.
DET ER DET JO DEI SOM ME SKAL GJERA NOKO FINT FOR SOM VEIT.

6.11.12

-KVIFOR KOM DU IKKJE I GÅR? SPØR EG.

-EG HADDE IKKJE TID. SVARAR DU.

-EG HADDE NOKO VIKTIG Å SEIA DEG. SEIER EG.

-DU KAN VEL SEIA DET TIL MEG NO? SPØR DU.

-NEI. SEIER EG.
NO SKAL EG SOVA, OG DET ER SANNELEG IKKJE SIKKERT AT EG VAKNAR IGJEN. NO KAN DU BERRE HA DET SÅ GODT.

1.11.12

SÅ SIT EG HER.
VENTAR PÅ AT NOKO SKAL KOMA.
KOMA TIL MEG.
SLIK AT EG KAN VISA DET TIL DEG.

30.10.12

PLUTSELEG LUKTA EG DEG.
DU VAR DER IKKJE.
EG SAKNA DEG.
SÅ GJEKK DET OVER.

EG GLEDAR MEG TIL Å SAKNE DEG ATT.