EG HIV NOKO PÅ SJØEN.
-KVA HIV DU?
SPØR EDDERKOPPEN SOM RASKT KLATRAR
OPP PÅ SKULDERA MI.
-NOKO INGEN VIL HA.
SVARAR EG.
-IKKJE DU HELLER?
KVISKRAR HAN, OG STRYK MEG VARSAMT PÅ ØYREFLIPPEN.
-NEI.
SVARAR EG OG PRØVER Å VRI MEG UNNA.
-KANSKJE DU BURDE HOPPA DU OGSÅ?
EG KNIPSAR HAN UTOVER SJØEN MEDAN HAN SMILER.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar